Hent hele prospektet som pdf - trykk her!
Bli kjent med Tinn og dens fortrinn...
www.visitRjukan.com
Har du ikke Acrobat Reader?
Her kan du gratis laste ned!
1.Føresegner til reguleringsplan, Tindefjell hyttegrend, Skirvedalen - Tinn kommune:

I medhald av Plan- og bygningslova (PBL) av juni 1985, nr. 77, med revisjonar, §§ 22 - 28-2, er det utarbeidd reguleringsplan for Tindefjell i Tinn kommune med det føremål å tilretteleggje for framtidig hytteutbygging. Planen erstattar tidlegare godkjent reguleringsplan for Tindefjell I og forslag til reguleringsplan for Tindefjell II:
  • Felles føresegner
    a) Før byggje- eller anleggstiltak vert sett i gang skal det utarbeidast teikningar og skisser, om nødvendig illustrasjonsplan og teknisk plan, som syner detaljert dei tiltak som skal setjast i verk. Teikningar (skisser og illustrasjonar) skal vere ferdige før utbygging tar til. Teikningane skal leggjast fram for kommunen.

    b) Eksisterande terreng og vegetasjon skal i størst mogeleg grad takast vare på. I de høgast liggjande områda bør vegetasjonen i det vesentlege stå uendra.

    c) All graving og sprenging skal gjerast skånsamt, slik at det blir minst mogeleg sår i terrenget. Områdar som ikkje skal nyttast til veg, parkering, byggegrunn eller uteareal skal førast tilbake til opphavleg utsjånad.

    d) Det skal vere 2 parkeringsplassar til kvar hytteeining.

    e) Vass-, straum- og avlaupsanlegg bør om mogleg leggjast i same trase som vegar. Anlegga skal være ferdigstilt før eller samtidig med at bygging vert starta opp. Det skal sendast søknad om byggeløyve for bygging av kabelanlegg og kommunaltekniske anlegg.

    f) Alle hyttene skal vere underlagt den til ei kvar tid gjeldande renovasjonsordning i kommunen.

    g) Ved hogst skal ein halde seg til ”levande skog standarden” og ta fleirbruksomsyn. Skogeigaren kan ta ut virke før bygging.

2. Byggjeområde

  • 2.1 Fritidsbustad/hytter
    a) Området skal nyttast til oppføring av fritidsbustadar/hytter.

    b) Det er fastsett følgjande krav til utnyttinga av området:
    • Maksimal tomteutnytting: %TU = 8 %
    • Maksimal storleik på hovedhytte: T-BRA = 120 m2
    • Maksimal storleik på anneks/gjestehytte: T-BRA = 40 m2. 4)Maksimal grunnmurhøgde: 80 cm.
    • Maksimal mønehøgde: 6,5 meter
    •Takvinkel mellom 26 og 35 grader
    • Maksimal storleik på veranda er 25 % av bygningen sitt bruksareal.

    c) Garasje, badstue, vedskjul, gjestebu, reiskapshus og liknande kan oppførast på tomta. Slike bygningar må tilpassast hovedhytta med omsyn til materialval, form, farge etc. Anneks/gjestebu kan ikkje nyttast som eigen hytteeigedom og skal liggje nært opp til hovedhytta. Maksimal avstand mellom bygningar på tomta er 6 meter. Garasje kan plasserast lenger unna hovedhytta dersom tomtesituasjonen tilseier at det vil gi ein betre og meir formålstenleg løysing.

    d) Punkt der hovudbygning skal falle innanfor er vist med signal i marka. Alle bygningar skal utformast og plasserast slik at dei passar til eksisterande terreng og fell naturleg inn i landskapet og bygningsmiljøet. Plassering og utforming av bygningar og andre anlegg skal godkjennast av kommunen.

    e) Ein skal ikkje påføre omkringliggjande terreng større inngrep ved fjerning av vegetasjon, sprenging eller planering enn det som er nødvendig for å oppføre bygningar, parkering, tilkomstveg og uteareal. Kommunen skal godkjenne rydding av vegetasjon og andre inngrep. Tynning kan skje uten løyve dersom dette er nødvendig for bruken av tomta.

    f) Kommunen skal sjå til at alle bygningar og konstruksjonar får eit tiltalande ytre på alle frittståande sider. Vidare at bygningar si form (lengde, breidde, høgde), fasade, vindaugeinndeling, materialar, fargar og murar harmonerer med dei omkringliggjande bygningane og naturen.

    Møneretninga bør innordne seg dei framherskande fallretningane og høgdene i landskapet og harmonere med eksisterande bygg i området, slik at ein oppnår eit godt heilskapsbilete i feltet.

    Taktekking skal vere torv, skiferheller eller tretak. Blanke metallplater vil ikkje bli godkjent.

    Bygningane skal ha mørke jordfargar. Lyse fargar godkjennast ikkje, men det kan nyttast mørke kontrastfarger på mindre detaljar og dekorelement.

    g) Det er ikkje tillete å gjerde inne tomta eller montere flaggstenger i hytteområdet. I staden for terrassar og liknande kan det likevel gjevast høve til å gjerde inne slike uteareal med skigard når den står i greitt høve til bygningane elles. Før det kan førast opp skigard rundt uteareal må det hentast godkjenning frå kommunen.

    h) Ikkje utbygde delar av tomta skal gjevast ei tiltalande utforming.

  • 2.1.1 H1-områder
    a) For H1-området gjeld pkt. 2.1 a)–h) over ved oppføring av enkelthytter.

    b) I H1-området kan det og oppførst hytteeiningar i tette tun der tomtegrenser endrast. Slik utbygging skal følgje desse føresegner:
    1. Utforming av tun med bygningar og disponering av uteareal skal visast på tomteplan og i perspektivskisser.


    2. Utforming av bygningar:
    • Maksimalt 2 etasjar
    • Maksimal mønehøgde: 8,5 meter
    •Maksimal gesimshøgde: 5,6 meter

    3. Elles gjeld pkt. 2.1 a)–h).

  • 2.1.2 H2-områder
    For H2-områder gjeld pkt. 2.1 a)–h).

  • 2.1.3 H3-områder
    For H3-områder gjeld pkt. 2.1 a)–h) med desse forbehold og tillegg:
    1. Området er utsett for innsyn, og det må leggast spesiell vekt på hyttas plassering og utforming samt handsaming av tomt.

    2. Dersom tomteforholda er slik at bygningar vil ruve i terrenget eller gi uheldige silhuettverknader, kan det krevjast at bygningane ikkje skal ha mønehøgde over 5,5 meter.

    3. Det skal nyttast torvtekking av tak.

  • 2.1.4 H4-områder
    For H4-områder gjeld pkt. 2.1 a)–h) med desse forbehold og tillegg:
    1. På alle tomter kan det byggjast hovedhytte med bruksareal inntil 100 m2 (T-BRA = 100 m2) og uthus inntil 25 m2
    (T-BRA = 25 m2), sjølv om dette gir en TU større enn 8 %. Bakgrunnen for dette er tidlegare føresegner for området. Større/fleire bygningar kan bare godkjennast innafor ei tomteutnytting på TU = 8%.

    2. Dersom tomteforholda er slik at bygningar vil ruve i terrenget eller gi uheldige silhuettverknader, kan det krevjast at bygningane ikkje skal ha mønehøgde over 5,5 meter.

3. Landbruksområde

  • 3.1 Områder for jord- og skogbruk
    Innafor planområdet er visse samanhengande areal sett att som landbruksområde. Grunneigaren har full råderett over grunn og skog. På areala kan det drivast vanleg skogskjøtsel, men det skal leggjast særleg vekt på omsynet til hytter og turstiar i området. Det er felles beite i området.

4. Spesialområde

  • 4.1 Friluftsområde
    a) Innafor områda som er avsett til friluftsområde kan det i verk setjast tiltak som gagnar friluftslivet, til dømes opparbeiding av turveg, skiløype og bålplassar, bygging av paviljong og badebryggje, utplassering av benkar og bord, m.m. I områda skal det ikkje gjerast inngrep som vesentleg fôrringar vegetasjonsbiletet eller opplevingsverdien for friluftslivet.

    b) I friluftsområdet kan det gravast ned straumkablar og eventuelt vass- og kloakkleidningar, samt opparbeidast spreieareal for infiltrasjon/etterpolering i grunnen. Leidningstrasear skal i størst mogleg grad følgje vegar, stiar og løypetrasear/turvegar.

  • 4.2 Privat veg og parkering
    a) Privat hovudveg kan byggjast med breidder inntil det som er synt på planen. Dette inneber breidde på inntil 4 meter på den mest trafikkerte strekninga, og vidare ei gradvis nedtrapping på tilslutt inntil 3 meter for dei minst trafikkerte strekningane. Det er sett av 1,5 meter til kvar side for fylling/skjering og grøft.

    b) I område for privat parkering som ligg ved innfallsporten til området, kan det oppførast felles anlegg for avfallsinnsamling samt informasjonsanordning.

    c) Vegar bør ikkje ha større stigningsforhold enn 1:8. Framføring av vegar skal gjerast så skånsamt som råd. Skjeringar og fyllingar bør dekkes til med jord eller bark og elles gjevast ei tiltalande utforming.

    d) Det kan ikkje opparbeidast annan kjørbar veg enn det som er vist i planen.

  • 4.3 Tekniske anlegg
    a) Vatn- og avløpsanlegg skal byggast ut etter samla plan for heile området.

    b) Det skal sendast inn eigen søknad til kommunen om utsleppsløyve for planområdet.

    c) Vassforsyning i området løysast ved grunnboring. Det kan byggjast brønnhus til felles vassforsyning i området.

    d) For slamavskiljing og infiltrasjon av avløpsvatn kan det byggjast anlegg i egna område.

    e) Når avløpsrenseanlegga er ferdig bygd ut skal områda gis ei terrenghandsaming som gjør at dei fell naturleg inn i omgjevnadene.

  • 4.4 Masseuttak
    Masse kan takast ut til bruk i området. Masseuttaket skal vere minst mogleg skjemmande og tilplantast ved avslutning.

5. Fellesområde
Felles tilkomstveg er felles slik:

    Veg
    FA1
    FA2
    FA3
    FA4
    FA5
    FA6
    FA7
    Tomtenummer
    105 – 107
    112 – 114
    108 – 111
    116 – 120
    121 – 123
    126 – 129
    130 – 132
    Veg
    FA8
    FA9
    FA10
    FA11
    FA12
    FA13
    FA14
    Tomtenummer
    135 – 139
    140 og 143
    144,145 og 148
    149 – 150
    183 – 184
    181 – 182
    151 – 155 og 161
    Veg
    FA15
    FA16
    FA17
    FA18
    FA19
    Tomtenummer
    156 – 160
    173 – 174
    165 – 172
    164
    161 – 163

    Vegen kan opparbeidast med ei bredde på inntil 7 m inkludert skulder, skjering og fylling

    6. Dispensasjon
    a) Når særlege grunner ligg føre kan kommunen dispensere frå føresegnene innafor ramma av gjeldande føresegner i
    Plan- og bygningslova.